Gå til hovedinnhold Gå til hovedmeny

Tilskot til funksjonshemma sine organisasjonar

Søkje om tilskot

Søknadsfrist for tilskot i 2022: 15. september 2021

Beløp: Løyvinga til driftstilskot blir først avklart etter at Stortinget har vedteke statsbudsjettet for 2022.

Regelverk: Forskrift om tilskot til funksjonshemma sine organisasjonar

Frivillige og demokratiske nasjonale organisasjonar av og for funksjonshemma kan søkje om tilskot.

De kan søkje om driftstilskot. Driftstilskot skal gå til oppgåver som normalt er ein del av den interne og eksterne kjerneverksemda i organisasjonane i samsvar med vedtekter, føremål og aktivitetsplanar.

Målgruppa for tilskotsordninga er frivillige og demokratiske organisasjonar for funksjonshemma som baserer seg på individuelt medlemskap, og som jobbar mot diskriminering og for likestilling av personar med funksjonsnedsetjingar.

Formålet med tilskotsordninga er å leggja til rette for at medlemmane i organisasjonen kan delta, og at organisasjonane kan driva interessepolitisk arbeid, likepersonsarbeid og gje eit tilbod til eigne medlemmar.

Søk om tilskot ved å fylle ut og sende inn skjema i Bufdir sin søknadsportal.

Ha nødvendige vedlegg klare til opplasting når de set i gang søknadsutfyllinga.

Vedlegg til søknad

For alle søkjarar:
  • Årsrekneskap for grunnlagsåret med revisjonsmelding, og ei oversikt spesifisert på kontonivå (etter den kontoplanen som blir brukt – ta kontakt med oss dersom de ikkje fører rekneskap etter ein standard kontoplan).
  • Årsmelding for grunnlagsåret. Årsmeldinga skal som minimum skildra aktivitetane og drifta i grunnlagsåret og skal normalt vera styret si årsmelding.
  • Gjeldande vedtekter. Dersom desse er endra sidan sist søknad skal vedtektsendringar vera markerte i dokumentet.
  • Skildring av det interessepolitiske arbeidet til organisasjonen i grunnlagsåret. Dersom dette er skildra i årsmeldinga under overskrifta «Interessepolitisk arbeid», er det ikkje naudsynt å leggja dette ved separat.
For nye søkjarar:
  • Årsrekneskap for grunnlagsåret med revisjonsmelding, og ei oversikt spesifisert på kontonivå (etter den kontoplanen som blir brukt – ta kontakt med oss dersom de ikkje fører rekneskap etter ein standard kontoplan).
  • Årsmeldinga for grunnlagsåret. Årsmeldinga skal som minimum skildra aktivitetane og drifta i året før grunnlagsåret og skal normalt vera styret si årsmelding.
  • Gjeldande vedtekter for organisasjonen.
  • Skildring av det interessepolitiske arbeidet til organisasjonen i grunnlagsåret. Dersom dette er skildra i årsmeldingane under overskrifta «Interessepolitisk arbeid», er det ikkje naudsynt å leggja dette ved separat.

Kven skal sende inn søknaden

Dagleg leiar eller styreleiar i organisasjonen, eventuelt ein annan person styret har gjeve fullmakt (dagleg leiar eller styreleiar må i så fall signera eit fullmaktsskjema som må lastast opp saman med søknaden, slik at ein følgjer signaturreglane etter regelverket). Sjå forskrifta § 28. Skjemaet finn de under "malar og skjema" nedanfor på denne sida.

Når søknadsfristen går ut, vil vi setje i gang med saksbehandlinga. Dersom vi oppdagar manglar eller feil i ein søknad, kan vi ta kontakt med dykk med ein frist for korreksjonar og ettersendingar.

Vi tek sikte på at vi er i mål med saksbehandlinga i februar månad, og at tilskots- og avslagsbrev og utbetaling vil kunne sendast ut i slutten av februar. Dette vil likevel kunne variere noko frå år til år.

Høve til å klage

Det vil følgje med informasjon om korleis de kan klage på vedtak i vedtaksbrevet de får. Normalt er klagefristen tre veker frå de får brevet.

Ekspertutvalet er oppnemnt av Bufdir og skal hjelpe med råd i saksbehandlinga av tilskotsrett for nye søkjarar i ordninga og vurderingar av gruppeplassering.

Les meir om utvalet i forskrift for ordninga

Sammensetning:

  • Leiar: Inger Huseby, seniorrådgjevar i Helsedirektoratet
  • Nestleiar: Kjetil Ørbeck, tidl. direktør FRAMBU - senter for sjeldne funksjonshemninger
  • Medlemmar:
    • Kari Grimholt, rådgjevar, Direktoratet for e-helse, tidl. rådgiver i Bufdir
    • Haakon Aspelund, pensjonist, tidl. seniorrådgjevar Bufdir
    • Henrik Peersen, generalsekretær Hørselshemmedes landsforbund
    • Kristin Benestad, rådgjevar, Cerebral Parese-foreningen
    • Jens Petter Gitlesen, leiar Norsk forbund for utviklingshemmede
    • Annika Fallsen Huhtala, daglig leiar Ung Kreft
  • Vara:
    • Stein Are Aksnes, avdelingsleiar Nasjonal kompetansetjeneste for sjeldne diagnoser
    • Helene Thon, generalsekretær Foreningen for hjertesyke barn
    • Lars Rovik Ødegård, spesialrådgjevar Norges handikapforbund
    • Martine Teigen, representant fra Psoriasis- og eksemforbundet Ung

Rapportering

Det er inga særskilt rapportering på denne ordninga då rapporteringa utgjer ein del av sjølve søknaden. Rapporteringsfrist er dermed det same som søknadsfristen.

Rapporteringa skal leggjast ved søknaden og består av organisasjonane sine årsmelding og årsrekneskap. Årsrekneskapen skal leverast med revisjonsmelding frå registrert eller statsautorisert revisor. Rekneskapen må vere spesifisert slik at det går fram at tilskotet er nytta etter føresetnadene.

Malar, skjemaer og andre tips

Dersom ein annan enn styreleiar eller dagleg leiar sender inn søknaden i søknadsportalen, skal det leggjast ved fullmakt. Nedanfor er eit standardskjema for slik fullmakt.

Du kan gjerne nytte eige skjema eller oppsett - men dette må då innehalde dei same opplysningane som malen gjer: Namn på den som får fullmakta, namn (og gjerne organisasjonsnummer) på organisasjonen og dato og signatur frå den som gjev fullmakta (dagleg leiar eller styreleiar).

ADHD Norge, i samarbeid med FFO og Dysleksi Norge, har utarbeidet to korte animasjonsfilmer som omhandler likepersonsarbeid:

Bufdir anbefaler disse for organisasjoner som vil ha informasjon om temaene.

Kven har fått tilskot?

Alle organisasjonar i tilskotsordninga har fått utbetalt tilskotet i to delar, ein del i februar/mars, ein del i juni.

Totalt har 134 organisasjonar fått tildelt midlar, ein av desse er ein ny organisasjon som ikkje mottok tilskot i 2021.

I tillegg har Bufdir utbetalt driftstilskot etter § 42 (paraplyorganisasjonar), § 43 (døvblinde sine organisasjonar) og § 44 (stiftelsar) i forskrifta for tilskotsordninga. Tildelingane her har vore følgande:

  • Funksjonshemmedes fellesorganisasjon (§ 42): kr 17 880 000
  • Samarbeidsforumet av funksjonshemmedes organisasjoner (§ 42): kr 1 290 000
  • Foreningen Norges døvblinde (§ 43): kr 3 430 000
  • Landsforeningen for kombinert Syns- og Hørselshemmede/Døvblinde (§ 43): kr 735 000
  • Stiftelsen Klar Tale (§ 44): kr 7 990 000
  • Stiftelsen SOR (§ 44): kr 1 950 000

Alle organisasjonar i tilskotsordninga har fått utbetalt tilskotet i tre delar, ein del i februar, ein del i juni/juli og siste del i september.

Totalt har 133 organisasjonar fått tildelt midlar, to av desse er nye organisasjoner som ikkje mottok tilskot i 2020.

Funksjonshemma sine organisasjoner - oversikt over tilskot 2021

Funksjonshemma sine organisasjoner - poengfordeling 2021

I tillegg har Bufdir utbetalt driftstilskot etter § 42 (paraplyorganisasjonar), § 43 (døvblinde sine organisasjonar) og § 44 (stiftelsar) i forskrifta for tilskotsordninga. Tildelingane her har vore følgande:

  • Funksjonshemmedes fellesorganisasjon (§ 42): kr 18 085 000
  • Samarbeidsforumet av funksjonshemmedes organisasjoner (§ 42): kr 1 300 000
  • Foreningen Norges døvblinde (§ 43): kr 3 470 000
  • Landsforeningen for kombinert Syns- og Hørselshemmede/Døvblinde (§ 43): kr 725 000
  • Stiftelsen Klar Tale (§ 44): kr 7 970 000
  • Stiftelsen SOR (§ 44): kr 1 895 000

Alle organisasjonar i tilskotsordninga har fått ubetalt tilskotet i to omgongar, ein halvpart i februar/mars og ein halvpart i juni/juli.

Totalt har 131 organisasjoner blitt tildelt midlar, to av desse er nye organisasjoner som ikkje mottok tilskot i 2019.

Nøkkeltall for 2020:

  • Tildelingsramme drift ordinært: kr. 171 267 050
  • Tal på organisasjonar som mottek tilskot: 131

I tillegg har Bufdir utbetalt driftstilskot etter § 42 (paraplyorganisasjonar), § 43 (døvblinde sine organisasjonar) og § 44 (stiftelsar) i forskrifta for tilskotsordninga. Tildelingane her har vore følgande:

  • Funksjonshemmedes fellesorganisasjon (§ 42): kr 16 860 000
  • Samarbeidsforumet av funksjonshemmedes organisasjoner (§ 42): kr 1 215 000
  • Foreningen Norges døvblinde (§ 43): kr 3 240 000
  • Landsforeningen for kombinert Syns- og Hørselshemmede/Døvblinde (§ 43): kr 695 000
  • Stiftelsen Klar Tale (§ 44): kr 7 866 000
  • Stiftelsen SOR (§ 44): kr 1 840 000
  • Samlet fordeling til driftstilskudd fra kap. 0352 post 70 for 2020 er kr 202 983 050.

Samla fordeling til driftstilskot frå kap. 0352 post 70 for 2020: kr 202 983 050.

Kontakt

Du kan også kontakte tilskuddsavdelingen på e-post tilskudd@bufdir.no

Fant du det du lette etter?