Gå til hovedinnhold Gå til hovedmeny

Personvernerklæring for den digitale foreldresamarbeidsavtalen

Personopplysningsloven gir deg ei rekkje rettar knytt til behandlinga av personopplysningane dine i foreldresamarbeidsavtalen. Her kan du lese om korleis Bufdir varetek rettane dine.

Det følgjer av personopplysningslova artikkel 6 nr. 1 (e) Bufetat har eit rettsleg grunnlag for å behandle personopplysningane dine.

Formålet med å be om personopplysningar

Formålet med obligatorisk mekling er nedfelt i både lov og forskrift. Obligatorisk mekling for foreldre med barn under 16 år er regulerte i familievernkontorlova § 1 (familievernkontora skal gjennomføre mekling etter lov om ekteskap § 26 og barneloven § 51). I forskrift om mekling etter ekteskapslova og barneloven § 1, står det at målet med meklinga er at foreldra kjem fram til ein skriftleg avtale, og at meklar skal hjelpe foreldra med dette.

Formålet med behandlinga av personopplysningar i den digitale foreldresamarbeidsavtalen, er å gi foreldre høvet til å arbeide med avtalen fortløpande, over tid og parallelt med meklingsprosessen – og dessutan få nødvendig støtte og rettleiing undervegs i prosessen.

Foreldresamarbeidsavtalen er ein frivillig og privat avtale. Avtalen er gyldig og bindande for foreldra når han er signert.

Det er du sjølv som eig opplysningane i avtalen. Det er mogleg å gi den andre forelderen lesetilgang til utkastet ditt dersom de har foreldreansvar begge to. Den digitale løysinga opnar ikkje for deling av informasjon med andre enn medforelder med foreldreansvar. 

Rett til innsyn

Du har rett til innsyn om alle opplysningar om deg som Bufdir/Bufetat behandlar.

Rett til korrigering

Opplysningar om foreldreansvar ligg hos Folkeregisteret. Kvar enkelt forelder må sjølv ta opp eventuelle feil og endringar med Folkeregisteret.

Du kan sjølv korrigere dei opplysningane du har lagt inn i foreldresamarbeidsavtalen.

Rett til sletting

Du kan sjølv slette dei opplysningane du har lagt inn i foreldresamarbeidsavtalen. Du kan òg slette personopplysningane ved å trekkje tilbake samtykket ditt.

Personopplysningane blir automatisk sletta 12 månader etter at du logga deg på siste gong.

Rettsleg behandlingsgrunnlag

For å nytte deg av den digitale tenesta, må du gi eit samtykke før du startar å fylle ut foreldresamarbeidsavtalen.

Kva typar personopplysningar kan fyllast inn i avtalen?

Foreldresamarbeidsavtalen ber om desse personopplysningane:

  • namnet til foreldra
  • barns namn og fødselsdato
  • kven som skal ha foreldreansvar, fast bustad og samvær, fordeling av tid
  • e-postadresser dersom begge foreldre har foreldreansvar og det er aktuelt å gi lesetilgang eller signere digitalt

I tillegg er det praktisk mogleg å leggje inn personopplysningar i fritekstfelta.

Hentar vi opplysningar frå andre?

Løysinga hentar opplysningar om kven som har felles foreldreansvar frå Folkeregisteret. Kvar enkelt forelder må sjølv ta opp eventuelle feil og endringar med Folkeregisteret.

Alle andre personopplysningar er det du sjølv som fyller inn.

Blir personopplysningane utleverte til andre?

Bufdir/Bufetat har ikkje tilgang til opplysningar gitt i foreldresamarbeidsavtalen. Den digitale løysinga utleverer ikkje opplysningar til andre. Personvernerklæringa gjeld derfor ikkje dei opplysningane du på eige initiativ vel å dele.

Dersom du har foreldreansvar, kan du på eige initiativ dele avtalen digitalt med medforelder du har felles foreldreansvar med. Denne delinga omfattar lesetilgang og digital signering. Ved digital signering, blir avtalen send kryptert til signeringsløysinga Digipost der ho blir lagra i maksimum 30 dagar i påvente av signaturar og 40 dagar etter at begge partar har signert.

I foreldresamarbeidsavtalen kan du føre inn personopplysningar om deg sjølv og andre. Vi vil derfor minne deg om at du tek godt vare på avtalen slik at uvedkomande ikkje får tilgang eller at han kjem på avvegar.

Korleis blir personopplysningane lagra?

Alle personlege data i avtalen blir lagra kryptert.

Innlogginga til foreldresamarbeidsavtalen blir gjord gjennom ID-porten, der du loggar inn med ønskt metode (BankID, MinID m.m.). Det som blir lagra om deg i samband med pålogginga, er tidspunktet for samtykket og fødselsnummeret ditt – også dette kryptert. Fødselsnummeret blir henta frå ID-porten som er ei nasjonal teneste for sikker innlogging.

Ved digital signering, blir avtalen send kryptert til signeringsløysinga Digipost der ho blir lagra i maksimum 30 dagar i påvente av signaturar og 40 dagar etter at begge partar har signert.

Bufdirs generelle personvernerklæring

Les mer om foreldresamarbeidsavtalen

Kontakt oss

Dersom du har nokre spørsmål om denne erklæringa eller vil utøve rettane dine etter personvernlovgivinga, kan du ta kontakt med oss:

Du har krav på svar utan ugrunna opphald, og seinast innan éin månad.