Gå til hovedinnhold Gå til hovedmeny

Byggfagleg nettverk for universell utforming

Nettverket koordinerer offentleg innsats i arbeidet for eit universelt utforma samfunn når det gjeld bygg- og arkitektur.

Det er hovudsakleg aktørar på direktoratsnivå som deltek:

  • Direktorat for byggkvalitet
  • Statsbygg
  • Husbanken
  • Vegdirektoratet
  • Riksantikvaren
  • Likestillings- og diskrimineringsombodet
  • Valdirektoratet
  • Bufdir

Andre aktørar kan bli invitert inn i nettverket om det trengs, enten permanent eller knytt til spesifikke fagdiskusjonar. Helsedirektoratet sitt engasjement for folkehelse og by- og stadutvikling, eller Forsvarsbygg sitt arbeid med vern i eksisterande bygg er døme på «gjester» med problemstillingar som kan bli tverrfagleg drøfta i nettverket.

Den overordna målsettinga med nettverket er å sikre at offentlg statleg innsats i arbeidet med universell utforming blir samordna på tvers av sektorar, mest mogleg effektivt, og held høg kvalitet.

Formålet er å ha ein fagleg møteplass kor direktorata som arbeider med betre tilgjenge og universell utforming av bygg og uteområde kan halde kvarandre oppdaterte, og sikre kunnskapsbasert fagleg utveksling om status og utvikling på deira område.

Arbeidsforma for nettverket er å arrangere halvårlege møter kor statlege initiativ, eller andre problemstillingar knytt til universell utforming blir presentert og drøfta.

Bufdir har sekretariatsfunksjon for nettverket.

Kontakt

Tina Hofland Engen, rådgivar
E-post:
Tlf: 908 57 999

Fant du det du lette etter?