Gå til hovedinnhold Gå til hovedmeny

Slik snakkar du med tenåringen

Det kan vere vanskeleg for foreldre å henge med i svingane, ettersom ungdom utviklar seg heile tida. Kva ho er opptatt av, og kva for verdiar og behov ho har, endrar seg ofte.

Far og datter snakker sammen

Kva er ungdommen din interessert i for tida? Kor mykje ansvar kan han få, og kva treng han hjelp til? Som tenåringsforelder gjeld det å «vekse med» barnet og vere lydhøyr og interessert i kva som skjer.

Samtidig har ungdom gjerne større behov for å ha nokon eigne «rom», og sitt eige privatliv, som dei ikkje nødvendigvis ønsker å dele med deg. Då blir kunsten å vere lydhøyr nok til å plukke opp signal om at dei treng støtte frå deg, anten det er ein samtale, trøyst eller noko dei gjerne vil dele med deg.

Vis interesse

Klarer du å stille opne spørsmål om det ho er oppteken av eller dei vala ho tek? Undrande og vennlege spørsmål viser at du er interessert. Slike spørsmål gir i seg sjølv ungdommen høve til å reflektere meir rundt det de snakkar om. Gjennom slike samtalar medverkar du òg til at tenåringen din kan bli meir medviten på sine eigne haldningar, verdiar og handlingar.

  • Ikkje-dømmande spørsmål kan opne for forklaringar på samanhengar ho ikkje har forstått, eller gi henne hjelp til å sjå andre sitt perspektiv.

Dersom du som forelder klarer å vere oppriktig interessert i å høyre kva ungdommen din tenker om ulike ting, og dersom du klarer å unngå ein konfronterande tone, er det meir sannsynleg at du greier å få til ein god samtale. Det kan sikkert vere freistande mange gonger å «berre fortelje» ungdommen kva du meiner. Dersom du derimot alltid gjer det, går ungdommen glipp av verdifulle høve til å reflektere og utvikle si eiga evne til gjere vurderingar.

  • Opne og utforskande spørsmål er kjenneteikna ved at du snakkar med henne, ikkje til henne.

Dette gjer det lettare å forstå kva ungdommen din er oppteken av.

Negative tenåringar

På same måte som yngre barn, jobbar ungdom med å forstå og uttrykke eigen vilje og sine eigne verdiar, haldningar og synspunkt. Enkelte gonger blir dette uttrykt som protestar eller negativitet, som det å ikkje ville bli med på det du foreslår. Kanskje stønnar berre ungdommen din når du seier noko.

Dette kan kjennast utfordrande for foreldre. Då er det viktig å hugse på at ungdommane ikkje er negative for å med vilje skape dårleg stemning eller øydelegge for deg og/eller familien. Dei prøver berre å utvikle seg til vaksne, sjølvstendige personar – samtidig som hormona rasar i kroppen.

Forstå tenåringen (youtube.com)

Psykolog Peder Kjøs i samtale med Stian Barsnes-Simonsen om hvordan foreldre bedre kan forstå tenåringene sine bedre.

Barnets utvikling - tenåringer

Ifølge psykolog Hedvig Montgomery er det spesielt én ting som avslører at puberteten har kommet inn i en familie. Hva er det egentlig som skjer i tenåringens hjerne? Hvorfor glemmer de plutselig ting de kunne før?