Gå til hovedinnhold Gå til hovedmeny

Gi barnet ros og anerkjennelse

Lurar du på om du rosar barnet ditt på rett måte, eller om det er gale å rose for mykje?

Mor og sønn leker med plastelina

Ros og anerkjenning kan gi barna ei oppleving av at nokon set pris på dei, nokre gonger for slik dei er, andre gonger for det dei gjer. Det kan styrke både sjølvkjensla og sjølvtilliten hos barnet, og kan gi han forsterka tru på seg sjølv og vekke lysta til å gjenta det han får ros for.

Foreldre har ulike måtar å rose barna sine på. Nokon jublar og applauderer, medan andre nøyer seg med eit godkjennande nikk eller å vise tommelen opp.

På kva måtar er det naturleg for deg å gi ros?

Presis ros er lettare å forstå

Det er mange ulike måtar å gi ros på. Kanskje rosar du og partnaren din barnet på ulike måtar, og for ulike ting? At de gjer det på ulike måtar, betyr ikkje at det ikkje når fram til barnet. For at barnet skal ta rosen til seg, kan det likevel vere lurt å vere så presis du kan og forklare kva du synest er bra.

«Bra!» seier vi kanskje. Men kvifor er det bra? Ver spesifikk:

  • «Så flink du er til å hjelpe søster di med å knyte skolissene!»
  • «Så grei du er som delar med dei andre.»
  • «Eg ser du strevar litt med matteleksen. Men du gir deg ikkje med ein gong, og det er så bra!»
  • «Eg likte godt måten du sette saman fargane på – der gjorde du ein grundig jobb!»

Kva kan barnet klare?

Når du vil oppmuntre barnet til å halde fram med noko som er litt vanskeleg, kan du til dømes seie: Eg ser at du strevar hardt med dette, Eg trur at du kan klare det, eller: Dette går litt betre for kvar gong.

Som forelder må du òg prøve å sjå kva det er realistisk at barnet kan få til. Å finne balansen mellom å ikkje gi seg for lett, og å ikkje streve for lenge, kan vere utfordrande.

Kor lenge bør du la barnet streve med skolissene, jobbe med eit vanskeleg mattestykke eller øve på den krevjande pianoleksa?

Ros forsøka

Vi vaksne bør vere merksame på å rose både for det barnet prøver å få til, og det som barnet faktisk klarer. Altså ikkje berre rose barnet for å gå fort på ski, men også for at det reiser seg opp og held fram, kvar gong det fell langflat i snøen. Slik unngår du at rosen kjennest som ei vurdering av kva dei klarer og ikkje klarer.

For å unngå at all ros blir knytt til vurdering av prestasjonen, kan det vere fint å leggje merke til opplevinga til barnet, setje ord på og dele opplevinga med dei. Du kan til dømes seie:

  • «No ser det ut som du koser deg!»
  • «Så gøy det er å skli på sklia!»
  • «Det høyrest ut som du og vennene dine har det hyggjeleg saman.»

Slike kommentarar som speglar opplevinga til barnet kan òg hjelpe barnet til i større grad å leggje merke til indremotivert glede, som ei slags motvekt til glede/stoltheit basert på vurderingane til andre.

Presis ros

  • gjer det lettare for barnet å forstå kva du set pris på
  • kan bidra til å byggje opp eit positivt sjølvbilete hos barnet
  • kan bidra til å byggje barnet si eiga tru på at ho kan få til det ho prøver på

Oppmuntring er veldig viktig for barn, særleg når dei strevar og ikkje får det til. Mange av ferdigheitene barn skal lære seg er vanskelege i byrjinga, og det kan vere lett å miste tolmodet og gi opp. Når du oppmuntrar barnet, formidlar du at du ser at barnet prøver hardt, samtidig som du uttrykkjer tru på at det etter kvart kan få det til.

Den mest verdifulle rosen er

  • spontan
  • oppriktig
  • variert

Det betyr at du bør følgje godt med når barnet prøver å meistre nye utfordringar. Gle deg over kva barnet får til, den innsatsen ho gjer, og ikkje minst formidle det til barnet på ulike måtar.

Tips: Gi ros på ein ny måte

Be ein du kjenner om å fortelje om ein gong han eller ho fekk ros som trefte ordentleg. Kjenner du deg igjen? Liknar det på rosen du gir barnet ditt?

Fordi ros påverkar barnet ditt og utviklinga hans. Det du legg vekt på blir òg viktig for barnet ditt. Det er mange grunnar til at vi rosar. Nokre døme er:

  • for at barnet skal bli glad
  • for å vise kjærleik
  • for å gjere barnet betre i det ho held på med
  • for å oppmuntre henne til å ikkje gi opp

Det kan vere uvant å tenkje at vi rosar barna våre av ein grunn, men ofte ligg kanskje ønsket om å oppmode til noko bak rosen? Uavhengig av kvifor du rosar, kan det vere greitt å tenkje gjennom kva effekt rosen har på barnet ditt.

Kvifor gir du ros?

Når du gir ros til barnet, seier du samtidig noko om kva du synest er viktig. Har du tenkt over kvifor du gir ros, og kva du ønskjer at rosen skal bety for barnet? Det kan til dømes vere at du vil hjelpe barnet til å bli betre i noko, som å symje, sykle, gå på ski eller lese.

Du kan ønskje at barnet ditt skal bli tryggare på seg sjølv, ved å tore å prøve noko nytt eller å snakke med nye barn. Eller kanskje du vil oppmuntre til ein spesiell type åtferd, som at barnet er snill mot andre, et grønsakene sine eller passar innetidene?

Har du tenkt over kva verdiar du formidlar gjennom rosen?

Motiverande ros

Ros kan auke barna sin eigen motivasjon til å meistre nye oppgåver og utfordringar, både heime, på skulen eller i barnehagen. Rosen kan få barnet ditt til å føle at det meistrar.

Både små og store barn er opptekne av ros, fordi dei treng anerkjenning og rettleiing i anstrengingane dei gjer for å meistre verda rundt seg. Barn blir òg motiverte av si eiga meistringsglede. Ein anerkjennande kommentar frå ein vaksen dei bryr seg om, gjer òg godt, akkurat som vi vaksne set pris på at sjefen verdset jobben vi gjer, eller at gjestene rosar maten vi har laga til dei.

Tenk på: Er det skadeleg med for mykje ros?

Nokre foreldre tenkjer at barna kan bli bortskjemde av for mykje ros. Det er heldigvis lite som tyder på det, men det kan hende at rosen ikkje har noka betydning for barnet. Litt som viss nokon skulle rose deg for å knyte skolissene eller pusse tennene sjølv.

Eit viktig poeng i samband med ros og positive tilbakemeldingar, er at vi passar på å ha område, situasjonar og stunder saman med barnet der vurderingar eller positive kommentarar ikkje er eit poeng. Elles kan barnet få kjensla av å vere «under vurdering» heile tida.

Rett forventning til barnet

Det er ikkje alltid like lett å finne balansen mellom å forvente for mykje eller for lite av barnet. Som mamma eller pappa må du ta omsyn til kva barnet ditt faktisk kan få til, og korleis og kor raskt barnet lærer nye ferdigheiter.

For høge forventingar kan skape stress og uro, medan for låge forventingar ikkje gir barnet den utfordringa det treng.

Det er viktig å vise barnet ditt kvar glad du er i det, same kva det får til.

Er du usikker på om forventningane dine er realistiske, og om rosen din ”treffer” ” slik han skal? Prøv å sjå deg sjølv og barnet utanfrå. Kva seier du eigentleg for å oppmuntre og rose barnet, og korleis reagerer han eller ho på det du seier?

Barn kan òg oppmuntrast til å lære å vurdere seg sjølv. Du kan spørje: Kva synest du sjølv om det du har fått til? Noko av det finaste vi kan gi barna våre, er evna til å vurdere seg sjølv positivt, og å bli trygg på den verdien ho har.

Sjekkliste for god ros

Ros som er god for barnet er

  • konkret: «Her har du brukt mange fine fargar, ser eg. Fortel meg meir om kva du har teikna her», i staden for: «Det var ei fin teikning»
  • kort og oppriktig: «Takk for at du hjelpte meg med å rydde»
  • sagt med eit språk barnet forstår: «Takk for at du venta medan eg snakka i telefonen»
  • levert med eit positivt kroppsspråk, andletsuttrykk og stemmeleie
    utan negativt vedheng: «Fint at du gjorde alle leksene dine til i dag», i staden for: «Fint at du gjorde leksene dine til i dag, men kvifor kan du ikkje gjere det kvar dag slik søster di pleiar?»

Ros som kan opplevast forvirrande og rart for barnet:

  • ros for noko barnet klarer utan å anstrengje seg
  • tilfeldig, mekanisk og lite konkret ros («Flink gut!»)
  • ros som barnet ikkje kjenner seg igjen i
  • openberr overdriven ros («Du er den flinkaste i verda!»)

Rosar du barnet ditt på ein måte han eller ho forstår?