Gå til hovedinnhold Gå til hovedmeny

Forventningspress hos barn og ungdom

Opplever du at ungdommen din har svært høge forventningar til seg sjølv? Er det mykje press frå omgivnadene? Når barnet ditt skal balansere forventningar og press, kan det av og til vere nyttig å få støtte frå deg.

Ungdom med bærbar datamaskin

Etter kvart som barn blir eldre blir det i større og større grad stilt krav til dei på ulike arenaer. Dei kan oppleve mange former for press, som for eksempel prestasjonspress, kroppspress og kjøpepress. Dette presset kan vere direkte og/eller indirekte, og kan for eksempel stamme frå venner, media, skule, fritidsaktivitetar, familie og kjende – eller ungdommen sjølv.

Kva gjer eg når ungdommen opplever forventningspress?

Press og høge forventningar kan verke skummelt, og det er fort gjort å tenke at ein må skåne ungdommen for dette. Men forventningar treng ikkje vere negativt, det kan òg verke motiverande: Dette klarer du! Hald ut litt til! eller Eg synest du skal prøve, eg trur du får det til. At nokon har tru på oss, kan gi oss lyst til å prøve noko nytt eller å gjere ein ekstra innsats.

Som forelder er såleis ikkje målet å fjerne alle former for forventningar til barnet. I staden handlar det om å finne balansen mellom passe store, det vil seie motiverande, forventningar og for høge forventningar, som gjer at barnet strekker seg for langt.

Når barnet opplever forventningane som stressande og overveldande, kan du som forelder vere der, og hjelpe barnet til å finne måtar å handtere presset på.

Kva kjem forventningane av?

Om du skaper rom for gode samtaler der barnet ditt kan opne seg, kan det gjere det lettare å forstå når og korleis barnet kjenner på forventningspress. Saman kan de prøve å finne ut av kva presset kjem frå, og korleis du kan hjelpe. Då kan dykk få høve til å utforske kva som ligg bak barnet si oppleving av press og forventning.

  • Kva for verdiar og behov handlar det om?
  • Kven er det som styrer forventningane barnet ditt har til seg sjølv, og forventningane ho kjenner andre har til henne?

Nokre gongar kan det vere utfordrande for foreldre å identifisere seg med kva som er viktig for ungdomane. Det kan handle om kor viktig det kjennes å sjå ut på ein bestemt måte, eller bli med på bestemte ting for å få innpass i ei gruppe. Det er likevel viktig at dei vaksne prøver å forstå kva som faktisk står på spel for barnet, og tek omsyn til det når ein føreslår løysingar.

Kanskje du kan ta eit skritt tilbake og spørje ungdomen kva ho sjølv kan vere stolt av? Då er det fint å gje rom for at ungdomen kan ha andre verdiar enn deg.

Ulikt kor mykje press vi toler

Det er greitt å vere klar over at det éin person opplever som for høgt forventningspress, kan vere eit heilt greitt nivå for ein annan.

«For mykje press» inneber med andre ord ikkje det same for alle ungdommar.

Det er heilt individuelt, og kjem for eksempel an på heimesituasjonen, kor mykje tid du har, eller kor lett du blir uroa.

Forventningspress gjennom sosiale medier

Bruken av sosiale medium har utvikla seg raskt dei siste åra. Både vaksne og barn nyttar media til å vise fram einsidige vellukka sider av seg sjølve. Barnet ditt kan trenge hjelp til å forstå at mange berre viser ein liten del av seg sjølv her. Andre brukar sosiale medium til å vise at det finst mange ulike måtar å leve på. Dette mangfaldet kan vere ein positiv ting for barn og ungdom. Når dei ser at det ikkje finst éin mal for oss menneske og det å vere vellukka, kan barn og ungdom få hjelp til å møte andre sine forventningar og setje passelege forventningar til seg sjølv.

  • Barn og ungdommar treng kanskje å bli minna på at det mange gonger kan vere lurt å bruke seg sjølv som målestokk, og ikkje alltid samanlikne seg med andre og kva dei får til.

Når kan press bli negativt?

Det er ikkje uvanleg å bli stressa eller uroa når vi opplever at våre eigne eller andre sine forventningar blir for høge. Enkelte gonger undervurderer vi oss sjølve, og blir stressa fordi vi trur vi ikkje klarer å møte forventningane. Andre gonger kan vi oppleve at det faktisk blir sett for høge forventningar. Presset vi føler kan få oss til å strekke oss så langt at det går ut over både den fysiske og psykiske helsa.

Presset kan bli problematisk når

  • det tek overhand
  • ein føler at ein mister kontrollen
  • det er høgt og varer over lengre tid
  • det gjeld fleire område samtidig, for eksempel skule, fritid og utsjånad
  • forventningane er urealistiske
  • det er svært viktig å innfri forventningar

Det kan kjennast ekstremt viktig å innfri forventningane dersom vi ser for oss at følgjene blir store om vi ikkje lukkast. Ungdommen kan for eksempel føle at ho aldri kjem til å få jobb, komme inn på ei bestemt utdanning eller få innpass i eit miljø dersom ho ikkje innfrir forventningane. I slike tilfelle kan det vere nyttig å snakke saman. Kor realistisk er det at det ho fryktar faktisk kan komme til å skje? Frykta for å gå glipp av moglegheiter kan i seg sjølv føre til at ein opplever stress og ubehageleg press.

Både for vaksne og unge er det nyttig å tenke gjennom kva for forventningar og press det er viktig for oss å leve opp til, og kva for forventningar eller krav vi ikkje treng å legge vekt på.

Bidreg du til forventningspress?

Foreldre kan òg medverke til å skape forventningspress med krav, velmeinte råd og ønske. Foreldre flest vil berre det beste for barna sine, men sjølv om det er godt meint, kan haldningane våre skape eit press som barna kjenner på. Også indirekte kan foreldre medverke til å presse ungdom, ved at vi sjølve formidlar haldningar vi har til å prestere og «vere best» i ulike samanhengar.

Ros innsatsen

Gjennom gode og realistiske tilbakemeldingar kan du hjelpe barnet ditt til å bli kjent med dei sterke sidene sine. Barn har godt av å oppleve ros og positive tilbakemeldingar, entusiasme og glede frå dei vaksne, når det er noko dei klarer.

Det er viktig å gi ros og heider både for det tenåringen prøver å få til, og for det han faktisk får til. Det vil seie at det òg i mange tilfelle kan vere viktig å gi ros når han klarer senke ambisjonane. Eit eksempel på dette kan vere at ungdommen sjølv innser at han har teke på seg for mange oppgåver, og klarer å velje bort noko – sjølv om han synest det hadde vore gøy.

Dei positive tilbakemeldingane må såleis ikkje berre komme når barnet lukkast med noko.Ved å rose barnet uavhengig av prestasjon, medverkar du til å styrke sjølvkjensla til ungdommen din og gi han ei kjensle av å vere verdifull i seg sjølv. Ei god sjølvkjensle kan òg medverke til at ungdommen lettare kan stå imot uheldig forventningspress.

Kva verdiar kommuniserer du?

  • Meiner du at godt nok verkeleg er godt nok, eller skulle du ofte ønske ting var litt betre?
  • Kor konkurranselysten er du, og kor viktig er det å vinne eller tape for deg?
  • Kor opptatt er du av utsjånaden din, og korleis snakkar du om deg sjølv?

Ungdom og press (youtube.com)

Psykolog Peder Kjøs i samtale med Stian Barnses Simonsen om forskjellige former for press i ungdomstida.