Gå til hovedinnhold Gå til hovedmeny

Søvn og babyar

Når og korleis utviklar barnet døgnrytme? Korleis kan vi som foreldre hjelpe barnet til gode søvnvanar?

Baby sover

Søvn har noko å seie for utviklinga til barna, men det er òg viktig at foreldra er utkvilte og har overskot til å dekkje behovet til barna om dagen.

Å vere foreldre til eit nyfødd barn er ein unntakstilstand i familielivet, ein heilt spesiell fase.

Prioriter kvile og søvn

Underskudd på søvn kan fort gå ut over humøret og samarbeidde mellom foreldra. Byt på å ta dei tøffe taka som kan komme med vakenetter, sjølv når den eine skal på jobb.

Hugs at det er lov å vere litt mindre nøye med husarbeidet, og det er lov å takke nei til gjester som vil komme på besøk. Har de ekstra store utfordringar med søvn, kan de bruke besteforeldre, venner eller gode naboar for å få hjelp til å hente dykk inn av og til.

Og som alle småbarnsforeldre stadig får høyre: Det blir betre. Men det kan vere ei mager trøyst her og no, så det gjeld å gjere det beste ut av situasjonen ein står i.

Hjelp babyen til gode søvnvanar

Gjennom det første leveåret utviklar barnet eit søvnmønster. Kor mange timar søvn per døgn kvart barn treng, varierer frå barn til barn.

Det er òg skilnad på kor lett barna sovnar. Nokon treng nesten inga hjelp frå foreldra, medan andre treng meir støtte og nærleik for å klare å sovne. Det er òg skilnad på kor lett barn blir påverka av indre og ytre stimuli medan dei søv.

0-3 månader

Dei første vekene styrer babyen sjølv i stor grad når han treng å sove. Søvnen kan bli forstyrra av smerter – til dømes på grunn av luft i magen – eller ytre forstyrringar som høge lydar.

  • Foreldra må prøve og feile, og gradvis lære kva som hjelper for akkurat deira barn.
  • Lær om å tolke signala til babyen.
  • Foreldra bør hjelpe kvarandre til å få sove når dei kan og treng det.

3-6 månader

Etter rundt tre månaders alder, startar barnet å utvikle hormonet melatonin, som regulerer trøyttleikskjensla. Då er det mogleg å starte å venne barnet til at det er skilnad på dag og natt.

  • Ha det mørkt på rommet der barnet legg seg om kvelden.
  • Innfør nokre faste kveldsrutinar, til dømes eit bad eller faste songar.
  • Start legginga tidleg, så barnet ikkje blir overtrøytt.

Barnet vil ha korte oppvakningar cirka ein gong i timen. Prøv å ikkje forstyrre eller stimulere barnet slik at det vaknar heilt. La barnet finne tilbake til søvnen - anten åleine eller ved hjelp av byssing, hysjelydar eller liknande.

Om barnet ikkje roar seg igjen, kan de sjå etter teikn på ubehag: Er ho svolten, varm, kald, er bleia full eller har ho luft i magen?

I denne alderen er det framleis ikkje noko mål at babyen skal sove natta gjennom, ho treng framleis å ete om natta for å få i seg nok næring. Men prøv gjerne å ikkje vekkje barnet heilt. La lyset vere dempa, unngå stimulering som augnekontakt, ha eit roleg og trygt andletsuttrykk. Legg barnet til brystet eller gi flaske utan å invitere til kontakt som kan gjere barnet vake.

6-12 månader

No byrjar dei fleste spedbarn å sove meir samanhengande om natta. Det er òg mogleg å byrje å hjelpe barnet til å regulere seg sjølv dersom det vaknar.

Eit barn som er vant til å sovne på fanget, ved brystet, med ei hand på magen eller med smokk, vil «etterlyse» same hjelp til å sovne igjen om det vaknar på natta. Eit barn som er vant til å sovne i senga med litt mindre støtte frå foreldra, vil ha større sjanse til å roe seg sjølv og sovne utan hjelp når det vaknar om natta.

Forsøk å leggje barnet i si eiga seng og sjå kor mykje støtte det treng frå dykk.

Som å lære å sykle...

Nokre ekspertar bruker omgrepet «gradert støtte» om å lære barnet å sovne med stadig mindre hjelp frå foreldra. Utfordringa er å finne ut kva som er akkurat nok hjelp. Kva kan barnet få til sjølv, og kva treng det hjelp til.

Eit godt bilete på gradert støtte er korleis ein mamma eller pappa lærer eit litt eldre barn å sykle på tohjulsykkel. Du går eller spring ved sida av og støttar sykkelen og prøver å sleppe taket akkurat i rette augneblinken. Slippar du for tidleg, kan barnet velte og slår seg, og kanskje mistar det heilt lysten på å sykle. Slippar du «aldri» taket, vil barnet kanskje bli så vant til at du er der at han ikkje trur han klarer seg utan di hjelp.

Hugs på at dei aller fleste barna lærer å sykle før eller sidan. Det er slitsamt for dei vaksne å springe bak, men nokre barn treng litt ekstra tryggleik før dei trakkar i veg på eiga hand.

Slik er det òg med søvn. Det hastar ikkje, og friske barn kjem til å lære å sovne på eiga hand. Men det kan ta tid. De må finne ut når det kjennest rett eller nødvendig for de og barnet å ta nye steg mot å meistre søvnen åleine.

Hedvig Montgomery om babyar og søvn (youtube.com)

Eit gråtande barn prøver å seie deg noko

Eit spedbarn som græt og er uroleg, gjer det ikkje for å halde deg vaken eller for å oppnå noko anna enn det ho treng for å vere trygg, vekse og utvikle seg.

Det har heller ingen positiv effekt på eit så lite barn og prøve å «lære» barnet å slutte å gråte. I staden kan de som foreldre prøve å forstå kva barnet vil seie dykk.

Er ho svolten eller veldig trøytt? Har ho våt bleie eller er det noko som gjer vondt? Vi må prøve oss fram, og av og til er det ikkje mogleg å finne ein grunn. Då er det berre trøyst som gjeld.

Det kan vere strevsamt, og dersom du blir sliten, fortvilt eller opprørt, kan det faktisk vere best å leggje barnet i senga eller vogna slik at han ikkje oppfattar uroa og stresset i kroppen din. Ta nokre sekunds pause. Pust roleg, sjå litt ut av vindauget eller gjer noko anna som får deg klar til å halde fram med å trøyste barnet så snart som mogleg.

Sjølv om foreldra kjenner sitt eige barn best, kan det vere godt å få hjelp av erfarne fagfolk. Kanskje helsestasjonen kan hjelpe dykk å finne ut kva som gjer at barnet ikkje får sove.

Delte meiningar om søvnmetodar

Det er ulike skuleretningar og teoriar blant helsearbeidarar og ekspertar når det gjeld søvn og babyar. Men dei såkalla «skrikekurene» er det knapt nokon som tilrår lenger. Eit lite barn skal ikkje liggje og gråte åleine til det gir opp og blir stille.

Men mange meiner at barn kan og bør lære å finne søvnen sjølv i første leveår, og dermed enklare klare å regulere seg sjølv og sovne igjen utan hjelp når dei vaknar på natta. Andre vil seie at barnet har godt av all tryggleik og støtte du som forelder kan gi det både når det skal sovne om kvelden og når det vaknar på natta.

Kvar familie må finne løysingar som er rette for seg – både store og små. Dei fleste foreldre må nok uansett innsjå at livet og døgnrytmen blir ganske annleis enn før vi fekk barn – og spesielt i dei første åra.

Barn er ulike og foreldre er ulike. Det finst ikkje metodar som passar for alle. Og det er ikkje like viktig for alle at barnet lærer å sovne åleine i eiga seng. Nokon synest det er koseleg å amme, bysse, lese og syngje barnet i søvn, og det er ikkje mogleg å gi eit spedbarn for mykje omsorg og nærleik.

Gi babyen «gradert støtte»

Når babyen skal sove og er uroleg, treng du ikkje springe så fort du kan til senga for å trøyste.

  • Kanskje det berre er ei naturleg oppvakning eller ein forstyrrande lyd, og barnet vil sovne igjen av seg sjølv?
  • Viss det ikkje fungerer, kan du prøve å syngje eller snakke roleg og trøyste litt. Kanskje er det nok?
  • Viss det ikkje held, kan du til dømes leggje ei hand på magen til barnet. Roar han seg no?
  • Og kanskje er barnet så uroleg at du må ta henne opp for å finne ut kva ho treng eller reagerer på.

Ingen kjenner barnet ditt betre enn deg, og du må prøve og feile for å finne ut kva som er passe og nok hjelp for ditt barn.

Søvn i alle aldrar