Gå til hovedinnhold Gå til hovedmeny

Ungdomsråd - ein rettleiar

Denne rettleiaren (veilederen) skal hjelpe deg med arbeidet i ungdomsråd. Her finn du både formelle bestemmelser og nyttige tips for å lukkast best mogleg.

Utarbeidd i samarbeid med Kommunalt- og moderniseringsdepartementet og Barne- og familiedepartementet.

Ungdomsråd skal vere ungdomen sitt talerøyr overfor politikarar og beslutningstakarar, og skal ha ei rådgivande rolle for kommunen og fylkeskommunen.

Rådet skal representere interessene til ungdommen i kommunen eller fylket og har rett til å uttale seg i alle saker som gjeld ungdom. Ungdomsråd kan også ta opp eigne saker.

Medlemmene i rådet blir valde for inntil to år om gongen. Dette går fram av kommuneloven.

Gi råd til kommunen/fylkeskommunen

Ungdomsråd skal gi råd til kommunen eller fylkeskommunen slik at kommunestyret eller fylkestinget har eit betre grunnlag for avgjerdslene sine, ifølgje kommunelova.

Rådet har rett til å kome med synet sitt på ei sak, det er ikkje ei plikt. Det er opp til rådet å vurdere om det skal gi ei fråsegn. Rådet kan dermed avgjere kva saker dei vel å kome med innspel til.

Uttale seg på vegner av ungdom

Ungdomsrådsmedlemene er folkevalde, det vil seie at dei er valde for å representere ungdom i sin kommune eller fylket sitt. Ungdomsråd skal representere og uttaler seg vegner av alle ungdomar. Ungdomsråd bør derfor sørgje for å ha god kontakt med ulike grupper av ungdom, og skape møteplassar der ungdomsråd kan få innspel frå ungdomane dei representerer.

Rett til å delta i kommunestyret/fylkestinget
Brei, open og tilgjengeleg medverknad

Video: Ungdomsråd og medvirkning

Ungdomsrådet skal gi råd til kommunen eller fylkeskommunen. Dette betyr ikkje at kommunestyret eller fylkeskommunen alltid må gjere slik ungdom vil, men at dei skal vite kva ungdomsrådet meiner før dei tek ei avgjerd.

Kommunestyret og fylkestinget kan gi rådet myndigheit til å fordele bevilgninger. Det betyr at kommunestyret eller fylkestinget gir rådet i oppgåve å bestemme korleis dei skal bruke pengar, for eksempel kva arrangement eller organisasjonar som skal motta støtte. Dette blir kalla delegert vedtakskompetanse.

Ungdomsrådet har rett til å uttale seg i alle saker som gjeld ungdom i kommunen eller fylket. Det kan vere mange ulike saker, for eksempel

  • kultur- og fritidstilbod
  • skolesaker
  • helsetilbod
  • samferdsel og kollektivtilbod
  • miljøsaker
  • kommunens årsbudsjett og økonomiplan
  • arealplanlegging
  • kommuneplanar

Dersom kommunen eller fylkeskommunen er i tvil om ei sak bør takast opp i ungdomsrådet, bør dei spørje ungdomsråd om dei ønsker å uttale seg i saka.

Kommunestyret og og fylkestinget skal sikre at ungdomsrådet høyrest så tidleg i prosessen at dei har moglegheit til å påverke avgjerdene som skal takast. Fråsegnene frå rådet skal følge saksdokumenta til det kommunale og fylkeskommunale organet som avgjer saka endeleg.

Kommunane har, ifølgje plan- og bygningsloven, eit særleg ansvar for å sikre aktiv medverknad i planlegging frå grupper som krev spesiell tilrettelegging, f.eks. barn og unge. Det gir rådene ein heimel til å til å medverke i planlegging. Rettleiaren for medverknad i planlegging omtaler prinsipp og har gode eksempel for korleis medverknad i kommunale og regionale planprosessar kan skje.

Ungdomsrådet skal sette seg inn i saker som angår ungdom i kommunen eller fylket og behandle sakene i møta sine. I tillegg til dette kan medlemmene av ungdomsråd for eksempel 

  • bli invitert til å halde innlegg eller talar i ulike samanhengar
  • arrangere samlingar for ungdom i kommunen/fylkte
  • prøve å påverke politikarane ved å fremje synet sitt i mediet eller andre stader

 

Fordi ungdom under 18 år ikkje har stemmerett eller sjølv kan stille til val, har dei få moglegheiter til å seie meininga si og påverke politiske avgjerder. Det er berre ungdom sjølv som veit kva ungdom meiner om ulike saker. Det er derfor viktig at ungdom ikkje blir representert gjennom andre, men snakkar for seg sjølv. Derfor har vi ungdomsråd.

Artikkel 12 i barnekonvensjonen seier: "Barnet har rett til å seie meininga si i alt som vedkjem det og barnet sine meiningar skal tillegges vekt". Ungdomsråd er ein måte å gi ungdom moglegheit til å seie meininga si om saker som skal avgjerast av kommunestyret eller fylkestinget.

  • Inkludering i demokratiet: Å få lov til å seie meininga si, og bli teke på alvor, er viktig for alle. At ungdom får medverke og vere med å påverke samfunnet kan bidra til å skape tillit til samfunnet sine institusjonar og bygge opp under ei demokratisk forståing.
  • Betre tenester for ungdom: For at kommunen og fylkeskommunen skal utvikle gode og tenester og tilbod, er det viktig å lytte til ungdom. At ungdom deltek og seier meininga si, bidrar til kommunen og fylkeskommunen får kunnskap om behovet til ungdommen og ønske. Dermed kan kommunen komme fram til betre og meir treffsikre tenester for gruppa.
Rolleforståing
Slik kan du jobbe i ungdomsrådet
Leiar
Nestleiar
Rådsmedlemmer med ansvar for enkeltsaker
Kva er eit reglement?
Representerer ungdom
Besøke skoler og fritidsklubber
Ungdomshøyring
Ungdomskonferanse
Tema-/innspelsmøte
Forslagskasse

Korleis kan du gjere ein best mogeleg innsats i ungdomsrådet? Her får du ei rettleiing om korleis du kan arbeide i rådet.

Du må delta på møta i rådet
Kva skal til for å få eit godt møte?
Kva må eg gjere før mitt første møte i ungdomsrådet?
Eg skal leie mitt første møte
Korleis bestemmer vi oss for noko?
Skriv vedtaket inn i møteboka
Kva skal eg gjere etter møtet?

Her finn du ei oversikt over kva rettar og pliktar du har som medlem av ungdomsrådet. Snakk med koordinatoren dersom du er i tvil om noko!

Møtebetaling
Utgifter til reise
Rett til fri fra skolen
Møteplikt, fråvær og møterett
Opplæring
Når kan du påverke?
Nettverksbyggging
Direkte påverknadsarbeid - "lobbyisme"
Argumenter og bodskap
Halde innleiingar og taler
Høyring
Aksjonar
Lesarinnlegg
Stand
Samlingar og møter

Rolla som koordinator for eit ungdomsråd er mangfaldig. Her er ei oversikt over dei vanlegeaste rollane.

Kva inneber rolla?
Du bør ha eit mandat
Bindeledd som fangar opp saker
Mellom politisk råd og administrasjonen
Vaksenperson blant ungdom
Rolla til koordinatoren under rådsmøta
Sikre medverknad

Rådet skal få tilstrekkeleg sekretariatshjelp. Oppgåvene til koordinatoren er likevel ikkje detaljregulerte i kommuneloven eller forskrifta. Den enkelte kommunen og fylkeskommunen må konkret avklare kva som skal vere rolla og oppgåvene til koordinatoren. Under følger eksempel på oppgåver som det kan vere formålstenleg at koordinatoren får ansvar for, sidan det vil kunne sikre at rådet får tilstrekkeleg sekretarietshjelp:

  • Praktisk tilrettelegging og førebuing av møta
  • Praktisk gjennomføring av møta
  • Førebu saksliste og saksdokument og sende ut innkalling
  • Føre referat frå rådsmøta (i protokoll/møtebok)
  • Sørge for at ungdomsrådet får nødvendig opplæring
  • Sørge for at ungdomsrådet får nødvendig oppfølging undervegs
  • Vere bindeledd mellom ungdomsråd og administrasjon/politikarar
  • Vere støttespelar og rettleier for medlemmene til ungdomsrådet

Her får du ei oversikt over korleis du som koordinator kan sikre at rådet får medverke i saker som angår ungdom.

Korleis sikre at rådet kan påverke
Praktisk tilrettelegging for rådsmøta
Gjennomføring av rådsmøta
Saksbehandling på rådsmøta
Sikre gode vedtak
Oppfølging av rådsmøta
Opplæring og kulturbygging

Her er ein enkel rettleier i fem steg som de kan bruke når de skal etablere eit ungdomsråd.

For at ungdomsrådet skal ha gjennomslagskraft, er det viktig med solid politisk forankring. Frå kommune- og fylkestingsvalet 2019 er kommunane og fylkeskommunane lovpålagde å ha eit ungdomsråd eller eit anna medverknadsorgan for ungdom. Dette gir ei politisk forankring på sentralt nivå.

Det er kommunestyret eller fylkestinget som bestemmer kor mange medlemmer ungdomsråd skal ha og som vel rådet.

Kommunane og fylkeskommunane skal utarbeide rammevilkåra for ungdomsråda lokalt og regionalt.

Vurdere eige budsjett
Plassere det administrative ansvaret
Sikre tilstrekkeleg sekretariatshjelp
Lage reglement
Kommunar med bydelsutval

Rekruttering til ungdomsrådet varierer noko avhengig av om rådet er kommunalt eller fylkeskommunalt. Kommunale ungdomsråd rekrutterer gjerne medlemmer frå skolane, fritidsklubbar og frå lokale ungdomsorganisasjonar. Fylkeskommunale råd rekrutterer gjerne frå kommunane og frå regionale ungdomsorganisasjonar.

Det viktig at ungdommane får nødvendig informasjon om ungdomsrådet og om valprosessen i god tid. Informasjon bør omfatte

  • kva eit ungdomsråd er og rolla til rådet
  • forventingar og krav til rådsmedlemmene
  • rettane og moglegheitene til rådsmedlemmene
  • valprosessen
  • korleis ungdommane kan komme i kontakt med det sittande ungdomsrådet og koordinatoren for rådet

Det kan også vere lurt å oppmode til brei rekruttering, slik at medlemmene av ungdomsrådet representerer eit størst mogeleg mangfald av ungdom i kommunen eller fylket.

Involvering av ungdom

Det er kommunestyret eller fylkestinget som vel ungdomsrådet. Det er mogeleg å involvere ungdom i framkant av valet, slik at ungdommane sjølv kjem med foreslag til medlemmer til rådet. I så fall blir forslaget lagt fram som ei innstilling til kommunestyret/fylkestinget. Dette kan vere viktig for å auke legitimiteten til ungdomsrådet i kommunen.

Eksempel på måtar å involvere ungdom ved rekruttering til ungdomsrådet:

Ungdomshøyring
Elektronisk val
Allmøte på skolen
Elevrådene arrangerer val
Involvere organisasjonane

Utgangspunktet er at alle som er ungdom kan foreslåast som medlem av rådet.

Det er kommunestyret/fylkestinget som vel medlemmene til ungdomsrådet. Kommunestyret og fylkestinget tek utgangspunkt i dei personane som er foreslått gjennom rekrutteringsprosessen, men kan også velje andre personar. Kommunestyret/fylkestinget som formelt skal velje rådsmedlemmene, må tenke over samansettinga i rådet og kva ting dei må eller ikkje treng å ta omsyn til.

All ungdom kan foreslåast
Krav om alder
Krav om kjønnsbalanse
Må ikkje ha stemmerett
Treng ikkje bu i kommunen
Brei samansetting
Andre verv og medlemskap
Steg 3: Val
Steg 4: Ungdomsrådet konstituerer seg

For at ungdomsråd skal vêrar i stand til å gjere ein god jobb, er opplæring heilt avgjerande. Opplæringa av medlemmene i ungdomsråd bør skje så raskt som mogeleg. Det er fordi ungdomsråd berre har ein virkeperiode på inntil to år. Nokre medlemmer er berre vald for eitt år.

Rådet bør få informasjon og opplæring, slik at medlemmene blir i stand til å vareta oppgåva som rådsmedlem. Kommuneloven og forskrifta om medverknadsordningsordningar innehelte ikkje avgjerder som gir rådet rett til ei bestemt opplæring. Kva for ei opplæring rådet skal få, blir dermed avgjorde i den enkelte kommunen.

Det er ofte behov for å gjenta opplæringa, og dessutan å gjennomføre opplæringa når ungdomsråd har behov for det, gjerne i direkte samanheng med konkrete saker.

Steg 5: Opplæring

Ungdomsrådet kan velje å arbeide etter ein plan som seier noko om kva arbeidsoppgåver rådet vil prioritere. Det er fint om det er mogeleg å involvere fleire ungdommar når ungdomsrådet skal lage ein slik plan. Da vil planen ha ei breiare forankring, og rådet kan arbeide målretta ut frå ønska til ungdommane i kommunen eller fylket.

Rådet kan hente innspel til ein slik plan for eksempel

  • på ei ungdomshøyring
  • via spørjeundersøkingar
  • ved å invitere elevråda på skolane og organisasjonar som representerer ungdom, til å komme med innspel

Det er ungdomsråd sjølv som lagar planen.

Det er lurt om ungdomsrådet rapporterer kva dei har fått gjennomførd av det som står i planen. Dette kan rådet gjere i den årlege årsmeldinga dei skal lage til kommunestyret eller fylkestinget. I tillegg bør rapporteringa gjerast tilgjengeleg for ungdommane i kommunen eller fylket.

Steg 6: Utarbeide plan

Kommunar og fylkeskommunar har plikt til å opprette eldreråd, råd for personar med funksjonsnedsetting og ungdomsråd eller anna medverknadsorgan for ungdom. (Sjå kommuneloven § 5-2)

At råd for personar med funksjonsnedsetting, eldreråd og ungdomsråd nå blir forankra i kommuneloven, tyder at alle dei tre medverknadsordningane i framtida blir forankra på same måte. Målet er å forenkle regelverket for medverknad.

Medlemmene av desse råda blir rekna som folkevalde og har same rettar og pliktar som medlemmene av folkevalde organ.

Hovudregelen er at det skal opprettast separate råd for eldre og råd for personar med funksjonsnedsetting i alle kommunar og fylkeskommunar. Det følgjer av forskrifta om medverknadsordningar at kommunen eller fylkeskommunen kan opprette eitt felles råd for eldre og personar med funksjonsnedsetting dersom det ut i frå lokale forhold er nødvendig.

Moglegheita for felles råd er ein unntaksregel for dei tilfella kor det er nødvendig med felles råd, fordi det er vanskeleg å etablere separate råd ut frå lokale forhold. For eksempel i mindre kommunar kan det vere vanskeleg å finne tilstrekkeleg mengd medlemmer til å opprette to råd. Eldre og personar med funksjonsnedsettingar har ikkje alltid samanfallande interesser. Saksfeltet for eit felles råd kan bli stort. Hovudregelen er derfor separate råd. Organisasjonar for eldre og organisasjonar for personar med funksjonsnedsetting og etablerte råd for eldre og for personar med funksjonsnedsetting i kommunen eller fylket, skal høyrast før kommunestyret eller fylkestinget avgjer om det skal opprettast eitt felles råd.

  • Valperioden er den perioden medlemmene som er vald til rådet skal ha vervet som rådsmedlemmer. Valperioden for ungdomsråd er inntil to år (kommuneloven § 5-12).
  • Valperioden for rådet for personar med funksjonsnedsettingar på inntil fire år.
  • Det er inga grense i kommuneloven for kor mange gonger ein medlem kan veljast.

Det skal sikrast ein brei, open og tilgjengeleg medverknad frå eldre, personar med funksjonsnedsetting og ungdom.

Med brei medverknad meinest blant anna at råda skal kunne uttale seg om eit breitt spekter av saker i kommunen eller fylkeskommunen. Ungdomsråd kan uttale seg om alle saker som gjeld ungdom. Med brei medverknad meinest også at dei som blir valde som medlemmer til råda bør ha ulik alder og erfaringsbakgrunn.

Open og tilgjengeleg medverknad tyder at kommunen må sikre at råda mottek alle relevante saker kor råda kan kome med ei fråsegn. Råda kan også ta opp saker på eig initiativ. Møta i råda skal vêrar opne og tilgjengelæke for einkvar som ønsker å besøke møta. Fråsegnene til rådet skal vêrar offentlege.

Kva saker gjeld ungdom
Kva saker gjeld personar med funksjonsnedsetting?

Ein rådsmedlem som har vore med på å førebu eller gjere vedtak i ei sak som tilsett i kommunen eller fylkeskommunen, er inhabil til seinare å behandle den same saka i rådet. Dette gjeld ikkje ved behandling av årsbudsjett, økonomiplan, kommuneplan, regional planstrategi og regional plan i rådet. Føresegnene i forvaltingsloven om inhabilitet gjeld også, med dei særreglane som står i kommuneloven.

Råda har rett til å uttale seg i alle saker som gjeld ungdom eller personar med funksjonsnedsettingar. Slike saker skal kommunestyret, fylkestinget eller andre folkevalde organ legge fram for råda. Kommunestyret eller fylkestinget skal etablere rutinar som sikrar at råda mottek sakene på eit så tidleg tidspunkt i saksbehandlinga at fråsegnene frå råda har moglegheit til å påverke utfallet av saka.

Dersom rådet bestemmer seg for å komme med ei fråsegn til ei sak, er det eit krav at fråsegna skal følge saksdokumenta til det kommunale eller fylkeskommunale organet som avgjer saka endeleg.

For at rådet skal kunne gjere eit vedtak, må minst halvparten av medlemmene ha vore til stades mens saka blir diskutert i rådet, og desse må ha vore med på avstemminga i den aktuelle saka. At rådet "treffer eit vedtak", tyder at rådet tek ei avgjerd. Det kan for eksempel vere at rådet bestemmer kva innspel det skal ha til ei sak som skal behandlast i kommunestyret.

Eit vedtak blir gjort med fleirtalet av stemmene. Stemma til møteleiaren er avgjerande dersom talet stemmer for og imot eit forslag er likt. Det er nokre mindre unntak.

Medlemmene i rådet har både rett og plikt til å delta i møta i rådet. At medlemmene har plikt til å møte, tyder at dei må komme på møta i rådet med mindre dei har gyldig forfall.

Medlemmene som er til stades i møtt, har plikt til å stemme når ei sak blir teken opp til avstemming.

Kommunestyret og fylkestinget kan gi medlemmer av rådet lov til å delta i andre folkevalde organ, for eksempel i kommunestyret eller fylkestinget (forskrift om medverknadsordningar § 2).

Råda er eit forvaltingsorgan, jamførl forvaltingsloven. Medlemmene av rådet har derfor teieplikt etter forvaltingsloven § 13.

Rådsmedlemmene har både møte- og talerett til møta i rådet. Medlemmer som er til stades i eit møte, har plikt til å stemme når ei sak blir teken opp til avstemming.

Dersom det er ei konkret sak som rådet gjerne vil ta opp i eit møte med kommunestyret, kan dei be om å få taletid, men det er opp til kommunestyret å avgjere om dei skal få denne moglegheita.

Rådet er eit rådgivande organ som gir innspel og anbefalingar til kommunen i saker som gjeld personar med funksjonsnedsetting eller ungdom i kommunen/fylkeskommunen. Det er likevel opp til kommunen og fylkeskommunen å fatte vedtak i dei enkelte sakene. Anbefalingane til rådet i den konkrete saka vil da vere ein del av vedtaksgrunnlaget. 

Kommunestyret og fylkestinget kan gi råda myndigheit til å fordele løyvingar. Dette tyder at kommunestyret kan velje å løyve eit beløp til rådet og gi rådet i oppgåve å fordele beløpet.

Rådet skal ha tilstrekkeleg sekretariatshjelp. Kommunestyret eller fylkestinget avgjer korleis sekretariatshjelpa til rådet skal organiserast. Kommunen kan for eksempel tilsette ein eller fleire sekretærar som hjelper rådet. Det vil kunne vere behov for hjelp til ein rekke ulike oppgåver, for eksempel møteinnkalling, utforming av sakslister, bestilling av møterom, føring av møtereferat, utsending av fråsegnene og andre oppgåvene til rådene.

I mange tilfelle vil sekretæren vere bindeleddet mellom rådet og kommunen eller fylkeskommunen. Kommunen/fylkeskommunen har plikt til å sikre at den har rutinar som gjer at rådet mottek saker på eit så tidleg tidspunkt at fråsegnene til rådet har moglegheit til å påverke utfallet av saka. Kommunen/fylkeskommunen kan dermed velje å opprette rutinar som gjer at sakene blir sende til sekretæren til rådet som deretter har kontakt med rådet.

Som følgje av endringar i kommunelova § 5-12 (sat i kraft 1. juli 2023), er det no opna for at råda kan opprette arbeidsutval med medlemmer som er vald blant medlemmene av rådet. Ved å ha arbeidsutval kan det bli lettare å fordele oppgåver og organisere seg slik at rådet vil kunne involvere seg i fleire saker eller gå djupare inn i ei sak. Det kan også bli enklare å handtere saker med kort frist.

Rådet kan sjølv bestemme kor mange medlemmer eit slikt arbeidsutval skal ha. Det vil også vere opp til rådet å bestemme kva for oppgåver eit arbeidsutval skal få. Arbeidsutvalet kan for eksempel gjennom delegering frå rådet få i oppgåve å gje rådgjevande fråsegn i visse sakstypar på vegne av rådet. Arbeidsutvalet kan også vere reine saksforberedande organ. Arbeidsutvalet kan likevel ikkje få delegert myndigheit til å fordele løyvingar, sjølv om rådet har fått slik myndigheit av kommunestyret etter forskrift om medverknadssordningar § 2.

Råda kan sjølv når som helst omorganisere eller leggje ned eit arbeidsutval.

Rådet har rett til å uttale seg før kommunestyret og fylkestinget setter ned eit sekretariat / utnemner ein sekretær, fastsetter saksbehandlingsreglane og vedtek budsjettet for rådet.

Likestillings- og diskrimineringsloven gir personar med funksjonsnedsettingar eit heilskapleg vern mot diskriminering, og er eit viktig verkemiddel for å sikre inkludering av menneske med funksjonsnedsettingar i samfunnet. I følge loven er det forbode å diskriminere nokre på grunn av nedsett funksjonsevne. Dette inneber både direkte og indirekte diskriminering. Loven har også føresegner om tilrettelegging og universell utforming. Brott på tilrettelegging kan innebere diskriminering eller brott på loven.