Gå til hovedinnhold Gå til hovedmeny

Barn av framandkrigarar

Barn som kjem frå konfliktområde, har opplevd ein omsorgssituasjon som har medført at dei har særskilt behov for oppfølging og tilrettelegging. Det er derfor viktig at barneverntenesta så tidleg som mogleg etter at ho blir kjend med at eit barn skal komme til Noreg, startar arbeidet med å:

  • planleggje kva barneverntenesta kan gi av bistand og oppfølging
  • lage ei oversikt over andre relevante aktørar som bør involverast når barnet kjem til landet

Barnevernloven skal sikre at barn og unge som lever under forhold som kan skade helsa og utviklinga deira får nødvendig hjelp, omsorg og vern. Tilbodet til barn av framandkrigarar skal i all hovudsak givast innanfor rammene av eksisterande regelverk og strukturar.

Sjekkliste og informasjonsskriv for barnevernstenesta

Bufdir har utarbeidd eit informasjonsskriv med sjekkliste om arbeidet til barnevernet med barn av framandkrigarar. Informasjonsskrivet gjer greie for for juridiske og barnevernsfaglege forhold knytt til ulike situasjonar som kan oppstå, og som barnevernstenesta må ta omsyn til.

Kontakt

Bufdir hjelper til med råd og rettleiing til ramma barnevernstenester som skal vareta kvart enkelt barn som kjem til Noreg.

Seniorrådgiver Agnete Krogvig
E-post: Agnete.Krogvig@bufdir.no
Telefon: 466 16 492

Seniorrådgiver Unni Nygaard
E-post: Unni.Nygaard@bufdir.no
Telefon: 466 19 798

Seniorrådgiver Ingrid Stokkeland
E-post: Ingrid.Stokkeland@bufdir.no
Telefon: 466 17 889

Avdelingsdirektør Kristin Ugstad Steinrem
E-post: Kristin.Ugstad.Steinrem@bufdir.no
Telefon:466 16 809