Gå til hovedinnhold Gå til hovedmeny

No får barnevernstenesta hjelp til å vurdere samvær etter omsorgsovertaking

Jente ved bordkant

Bufdir har laga ei ny kunnskapsbasert retningsline. Råda er laga for at sakshandsamarar skal få hjelp i spørsmål om samvær etter omsorgsovertaking.

Publisert

Innholdet kan være utdatert

Den europeiske menneskerettsdomstolen (EMD) har dei siste åra dømt Noreg i fleire sakar om barnevern.

I EMD-dommane vert dei norske avgjerdene kritiserte for at:

  • samvær etter omsorgsovertaking har vorte fastsett utan god nok individuell vurdering
  • vurderingar ikkje er dokumentert godt nok, og avgjerdene difor er vanskelege å etterprøve
  • barnevernsteneste for raskt har konkludert med at omsorgsovertakinga er varig


EMD-dommane understrekar at omsorgsovertakinga skal sjåast på som midlertidige. Gjenforeining mellom barn og foreldre skal vere målet, dersom det er til det beste for barnet.

Retningslina følgjer opp EMD-dommane.

Skal vurderast individuelt

– Retningslina vert eit viktig hjelpemiddel for barnevernstenestene. Råda skal styrke rettstryggleiken til barn og foreldre, seier Hege Nilssen, som er direktør i Bufdir.

– Me må unngå at samvær vert fastsett sjablongmessig. Retningslina skal gje tilsette i barnevernet eit likare utgangspunkt for å gjere grundige, individuelle vurderingar. Ein skal vurdere kvart enkelt barn og situasjonen det er i, understrekar ho.

Må kartleggje kva barnet ønskjer

– Barnevernstenesta må kartleggje og dokumentere kva barnet ønskjer og meiner om samvær. Det er viktig for å sikre barnets rett til medverknad, seier Nilssen.

– Barnets beste skal vere eit overordna hensyn, legg ho til.

Bygger på beste tilgjengelege kunnskap

Retningslina er basert på beste tilgjengelege kunnskap. No slepp barnevernstenesta å søkje etter forsking, tolke ho og vurdere korleis forsking og annan kunnskap kan nyttast i praksis.

– Tilsette som følgjer retningslina, kan kjenne seg trygge på at vurderingane er baserte på beste tilgjengelege kunnskap innanfor norsk kontekst og lovgjeving, seier Nilssen.

Pressekontakt: Ingvill E. Meltvedt, seniorrådgjevar kommunikasjon.
E-post: ingvill.meltvedt@bufdir.no

Om retningslina

Retningslina har vore på offentleg høyring og er no ferdig.

Bufdir har samarbeida med ei ekspertgruppe frå brukarorganisasjonar, barnevernstenester, fylkesnemnder, fagekspertar innanfor juss og psykologi, og representantar frå minoritetsmiljø.

I tillegg har det vore to referansegrupper med foreldre og barn som dette angår.

Den nye retningslina skal bidra til at:

• det vert fastsett samvær som på den eine sida sørgjer for retten til samvær, men samstundes ikkje utset barnet for urimeleg belastning
• det vert gjort grundige og individuelle vurderingar av kva som er det rette omfanget på samvær
• nemnder og domstolar får eit godt grunnlag for å fatte dei rette avgjerdene

(Kjelde: Bufdir)